Til medlemmene i skolemuseumslaget
Stavanger, 4. november 2022
Medlemskontingent for 2023
Det lid langt på hausten, og det er tid for å ordna med medlemskontingenten for 2023. Kontingenten er kr 200.- og kan betalast til konto: 3201 1354792 .
For å få pengane inn på dette budsjettåret, vil vi setja pris på om kontingenten blir betalt før
15. desember.
Kontingenten blir i hovudsak brukt til å drifta heimesida vår: www.skolehistorie.no
Etter styret si vurdering har heimesida vore ei brukbar erstatning for årboka. Vi har årleg 15-16000 besøk på denne sida.
Vi er heldige som framleis får folk til gratis å skriva artiklar/innlegg. Innhenting av artiklar og redigering blir gjort utan noko form for honorering. Utgiftene går i hovudsak til det praktiske arbeidet med å leggja inn artiklane/innlegga på heimesida og å halda sida oppdatert. Styret håpar at medlemmene framleis støttar opp med medlemspengar slik at vi kan driva aktiviteten vidare.
Etter kvart har det blitt mange artiklar i arkivet på heimesida. I fjor samla vi nokre av artiklane og ga ut ei digital årbok :
Minne fra barndom og skule – 2021 .
Dette året samlar vi andre artiklar og gjer ut ei digital årbok med tema :
Skole – og lærarutdanning – 2022 .
Då vil vi til saman ha 10 digitaliserte årbøker på heimesida.
Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar frå medlemmene om vurdering av heimesida, om redigering, tips om tema og artikkelforfattera med meir.
Marta Gudmestad har e-postadresse: m-gudmes@online.no , tlf. 91350806
Sigmund Sunnanå har e-postadresse: sigmund.sunnana@gmail.com , tlf. 97191891
For styret i skolemuseumslaget.
Sigmund Sunnanå. Marta Gudmestad.
Skolemuseumslagets heimeside
Skolemuseumslaget i Rogaland har kvart år frå 1984 til 2017 gitt ut ei skolehistorisk årbok for Rogaland. I staden for å gi ut årbok i 2017 fekk laget utvikla ei heimeside som nå har adresse: www.skolehistorie.no. Denne adressa seier noko meir om innhaldet i heimesida enn den første: www.skolemuseumslaget.no.
Heimesida har fem hovudavsnitt: Nye artiklar. Historie og føremål. Styre og redaksjon. Årbøker. Artikkelarkiv.
Under Nye artiklar er der nyleg publiserte artiklar. Desse blir etter ei tid overført til hovudavsnittet Artikkelarkiv.
Under Historie og føremål er der ei kort orientering om skolemuseumslagets historie, føremål, organisasjon og arbeidsmåte.
Under Styre og redaksjon er der opplysningar om namn på medlemmer i styret og
i redaksjonsnemnda, referat frå årsmøte og brev til medlemmene i laget.
Under Årbøker er nokre av dei siste årbøkene lagt ut. Kvar årbok har eit tema og inneheld artiklar som handlar om dette temaet. Her er der også eit oversyn over artiklar som har stått i årbøkene.
Under Artikkelarkiv er der skolehistoriske artiklar med ulikt innhald.
Artiklane i årbøkene og på heimesida er aktuelle for folk som er interesserte i skolehistorie, kanskje særleg for lærarar og lærarstudentar som kan nytta artiklar i samband med arbeid eller studium. I lærarstudiet kan artiklar til dømes gi idear og inspirasjon til arbeid med bachelor- og mastergradoppgåver med skolehistorisk innhald.