Skolemuseumslaget

Skolemuseumslaget i Rogaland vart skipa 3. april 1984. Laget skulle vera eit frittståande støttelag for Vestlandske skulemuseum, og avlasta skulemuseet for innsamling og presentasjon av skulehistorisk stoff. Skulemuseet skulle konsentrera seg om å driva ordinær museumsaktivitet, til dømes samla inn ting som var aktuelle ut frå eit skulemusealt synspunkt og presentera desse gjennom utstillingar og ved utoverretta formidling.

 

Vedtekter for laget vart vedtekne på årsmøtet 30. mai 1985. I § 1 står det at:«Skolemuseumslaget er et frittstående støttelag for Vestlandske Skolemuseum, Stavanger. Det har til oppgave å samle inn skolehistorisk stoff av så vel eldre som nyere dato, spesielt fra Rogaland. Stoffet forsøkes gjort kjent gjennom utgiing av ei årbok». Dette føremålet har seinare vore gjeldande for laget – også etter at Vestlandske Skulemuseum frå 1. januar 2008 vart ein del av Stavanger Museum (MUST), og heiter i dag Stavanger skolemuseum.

 

Initiativtakar til skulemuseumslaget var mag. art. Kåre Dreyer Dybdahl. Han var redaktør for den første årboka som kom ut i 1984. Kåre Dreyer Dybdahl kom deretter til å ha redaktøransvaret for årboka heilt til 1997. I alt skreiv han 44 artiklar i årbøkene. Redaksjonsnemnda tok over redaktøransvaret då Dreyer Dybdahl slutta. Dette var ei lite tenleg ordning, så i 2000 tok Jan Selvikvåg over som redaktør. Han hadde denne jobben til 2007 då Sigmund Sunnanå overtok stafettpinnen. Sunnanå var redaktør av ni årgangar til 2017. I staden for å ha artiklar i ei årbok, har laget frå 2017 hatt skulehistoriske artiklar på ei eiga heimeside. Saman med redaksjonsnemnda har Sunnanå stått for innsamling av artiklar og for redigering av denne sida. Kjell Petter Bakken har teke seg av det tekniske arbeidet.

 

Skulemuseumslaget er ein medlemsorganisasjon. Medlemmer er enkelpersonar, skular, bibliotek og lærarorganisasjonar med fleire. Talet på medlemmer gjennom åra har variert. Medlemstalet var i mange år ca. 300. I 2017 var det 107 som betalte medlemskontingent. Frå 2018 er medlemskontingenten kr 200,-. Årsmøtet vel eit styre på fem medlemmer som står for leiinga av laget. Johan Lindal var den første leiaren. Han vart avløyst av Bjørnar Tuftedal. Etter han kom Jan Selvikvåg og deretter Sigmund Sunnanå.

 

Å skriva artiklar og redigera årboka har i alle år vore basert på ulønna innsats. Det er imponerande kor mange som kvart år har vore villige til å skriva artiklar utan betaling. Gjennom åra er det samla omfattande skulehistorisk stoff frå fortid og nåtid. Årbøkene kan såleis vera verdifulle og interessante for komande generasjonar. På heimesida er fleire av dei siste årbøkene og ei rekkje skulehistoriske artiklar lagt ut, og nye artiklar vil bli lagt ut etter kvart. Artiklane i årbøkene og på heimesida kan vera aktuelle for folk som er interesserte i skulehistorie, kanskje særleg for lærarar og lærarstudentar som kan nytta artiklar i arbeid eller studium. I lærarstudiet kan artiklar til dømes gi idear og inspirasjon til arbeid med bachelor- og magistergradoppgåver med skulehistorisk innhald.